35 Br Sperre Foto Peder Otto Dybvik

VI SØKER ETTER EKSPORTKOORDINATOR

Vi søker etter eksportkoordinator til vårt kontor på Ellingsøy.

I nært samarbeid med vårt salgsteam skal du utarbeide eksportdokument. Det inneber dokumentbehandling i Maritech (Timpex), fortolling og anna som følgjer med handelen.

Du skal og arbeide med våre logistikkløysningar, og ha god oversikt over regler som gjeld for eksport av sjømat til dei ulike marknadane.

Vi forventar at du beherskar fleire framandspråk, slik at du kan kommunisere med internasjonale kundar, og andre som er involvert i kjeda for logistikk rundt transport.

Du skal jobbe tett saman med fire andre eksportkoordinatorar, og dei 15 andre tilsette på hovudkontoret på Ellingsøy.

Vi ser gjerne at du

  • Arbeider godt saman med andre, og at du tør å stille spørsmål
  • Har høgare utdanning innan internasjonel handel / logistikk
  • Kjenner til Maritech eller Timpex, og er vant til å bruke Excel
  • Er nøyaktig og detaljorientert, strukturert og ansvarsbevisst

Om du er interessert ber vi deg ta kontakt med Inger-Marie Sperre på, 924 03 932, eller inger@sperrefish.com.

Kven er vi?

Brødrene Sperre AS er ein av dei største norske produsentar og eksportørar av sjømat. Vi produserer og sel klippfisk, pelagisk fisk og frosen kvitfisk til marknader over heile verda. Vi er stolte av å kunne sysselsette 150 årsverk i tilknyting til tre produksjonsanlegg i Ålesund kommune.

Vi eksporterer og store delar av produksjonen frå dei andre selskapa i Sperrefish- konsernet; Vikomar AS, Hopen Fisk AS og Sevrin Tranvåg AS. Visjonen vår er å vere førstevalet i hele verdikjeda, frå fisken svømmer i havet til den ligg på tallerkenen.

MORE NEWS

Continue reading "Video: our new pelagic factory"
A42a2aa6c7440291c38ba9adc5892a56

VIDEO: OUR NEW PELAGIC FACTORY

After this week, more than 15 000 tonnes of mackerel have been produced at our new pelagic processing facility at Sperre. To celebrate this milestone, we want to show you a video…